Det er ganske mykje som kan påverke talemålet vårt. Det fins mange forskjellige talemålsvariantar. I Noreg har vi ingen offisiell talemålsnorm, og det er absolutt ingen som seier korleis vi skal snakke. Geografisk og sosial tilhøyrsle er ein av tinga som kan påverke talemålet vårt. I Norge er vi ganske lite folk i forhold til kvar stort landet vårt er, så vi bor ganske spreidd, og på grunn av dette så oppstår det ganske mange lokale talemålsvariantar. Dette kallar vi for geolektar.
Eksempler på dialektar som oppstår er brønnøysunddialekt, setedalsdialekt og rørosdialekt. Her kjem også begrepene geolekt og sosiolekt inn i biletet. Geolekt er dialekten en snakkar på et bestemt sted, og som skiljar seg frå eit anna. Geolekt er dialektar med geografiske skilnader. Trøndersk er et eksempel på dette. Det seies at det finst stadar der det er fleire sosiale grupperingar, og desse snakkar sin eigen sosiolekt. Desse sosiale fellesskapa kan då vere bestemte av faktorar som alder, kjønn, yrke, utdanning eller interesser.
Den tradisjonelle austkantdialekten i Oslo er eit eksempel på dette. Etnisk tilhøyrelse er også noko som påverkar talemålet. Det kjem fleire innvandrarar, mange som forflyttar på seg og betre språkkontakt gir oss nemleg ein ny type talemålsvariant, og her kjem ordet etnolekt inn i biletet. Etnolekt er et talespråk som er knytte til ein etnisk gruppe. Me kan seie at etnolekt er meir eit blandingsspråk. Eit eller fleire innvandrarspråk er blanda med landets eige språk, og da kebabnorsk vere eit godt eksempel. Kebabnorsk er blanding av morsmålet til innvandrarungdom og norsk. Som nemnt så er denne talemålsvarianten brukt mest av ei bestemt etnisk gruppe, men nå i dag hender det at desse talemålsvariantane får høg status, deriblant kebabnorsk.
Her på Haugalandet er det store skilnader på korleis vi snakkar på dei forskjellige plassane. Forskjellane på korleis ein snakkar i Skudeneshavn og i Åkrehamn er stor, sjølv om det berre er ein tjueminuttars køyretur mellom. Skudeneshavn blir påverka frå Stavanger og snakkar med blaute konsonantar, mens det gjer dei ikkje på Åkra. På Åkra snakkar folk mykje tjukkare og mange snakkar med e-endingar (trappe, boke), mens i Skudeneshavn snakkar ein med å-endingar (trappå, bokå). Dette er eit eksempel på geolekt.
Eksempel på sosiolekt kan me også finne her på Haugalandet. Dei unge snakkar mykje meir ungdomleg enn dei vaksne. Dette har med alder å gjere. Yrke og utdanning kan også ha noko å seie. Dei som har betre jobb og høgare utdanning kan snakke mykje meir penare enn normalt. Et eksempel på dette kan vere å sette ein advokat opp mot ein som jobbar innan industrien.
Introduced in 1998
for 7 år siden