tirsdag 25. mai 2010

Talemålet vårt

Det er ganske mykje som kan påverke talemålet vårt. Det fins mange forskjellige talemålsvariantar. I Noreg har vi ingen offisiell talemålsnorm, og det er absolutt ingen som seier korleis vi skal snakke. Geografisk og sosial tilhøyrsle er ein av tinga som kan påverke talemålet vårt. I Norge er vi ganske lite folk i forhold til kvar stort landet vårt er, så vi bor ganske spreidd, og på grunn av dette så oppstår det ganske mange lokale talemålsvariantar. Dette kallar vi for geolektar.

Eksempler på dialektar som oppstår er brønnøysunddialekt, setedalsdialekt og rørosdialekt. Her kjem også begrepene geolekt og sosiolekt inn i biletet. Geolekt er dialekten en snakkar på et bestemt sted, og som skiljar seg frå eit anna. Geolekt er dialektar med geografiske skilnader. Trøndersk er et eksempel på dette. Det seies at det finst stadar der det er fleire sosiale grupperingar, og desse snakkar sin eigen sosiolekt. Desse sosiale fellesskapa kan då vere bestemte av faktorar som alder, kjønn, yrke, utdanning eller interesser.

Den tradisjonelle austkantdialekten i Oslo er eit eksempel på dette. Etnisk tilhøyrelse er også noko som påverkar talemålet. Det kjem fleire innvandrarar, mange som forflyttar på seg og betre språkkontakt gir oss nemleg ein ny type talemålsvariant, og her kjem ordet etnolekt inn i biletet. Etnolekt er et talespråk som er knytte til ein etnisk gruppe. Me kan seie at etnolekt er meir eit blandingsspråk. Eit eller fleire innvandrarspråk er blanda med landets eige språk, og da kebabnorsk vere eit godt eksempel. Kebabnorsk er blanding av morsmålet til innvandrarungdom og norsk. Som nemnt så er denne talemålsvarianten brukt mest av ei bestemt etnisk gruppe, men nå i dag hender det at desse talemålsvariantane får høg status, deriblant kebabnorsk.

Her på Haugalandet er det store skilnader på korleis vi snakkar på dei forskjellige plassane. Forskjellane på korleis ein snakkar i Skudeneshavn og i Åkrehamn er stor, sjølv om det berre er ein tjueminuttars køyretur mellom. Skudeneshavn blir påverka frå Stavanger og snakkar med blaute konsonantar, mens det gjer dei ikkje på Åkra. På Åkra snakkar folk mykje tjukkare og mange snakkar med e-endingar (trappe, boke), mens i Skudeneshavn snakkar ein med å-endingar (trappå, bokå). Dette er eit eksempel på geolekt.

Eksempel på sosiolekt kan me også finne her på Haugalandet. Dei unge snakkar mykje meir ungdomleg enn dei vaksne. Dette har med alder å gjere. Yrke og utdanning kan også ha noko å seie. Dei som har betre jobb og høgare utdanning kan snakke mykje meir penare enn normalt. Et eksempel på dette kan vere å sette ein advokat opp mot ein som jobbar innan industrien.

5 kommentarer:

  1. Veldigt interessant å lesa om, ganske spesielt at me her har så mången forskjellige dialekter :)

    SvarSlett
  2. Ein grundig og god gjennomgang av dei ulike talemålsvariantane, Ann Kristin. Dialekta vår er påverka av svært mange ulie faktorar. Men det kan verke som geolekta er den sterkaste faktoren. I alle fall når det kjem til tonefall. Kjell Magne Bondevik sa t.d. nesten ikkje eit einaste dialektord på romsdalsk når han snakka offisielt som statsminister, men det var aldri vanskeleg å høyre kor han er ifrå.

    SvarSlett
  3. Det er merkleig å tenke på hvor mange forskjellige måter det er å snakke på. Det er forstålig at vi som bor langt fra hverandre har forskjellig dialekt slik som oslo og Rogaland. Men det er merkelig å tenke på at vi som bare bor 20minutter fra hverandre kan ha forskjellig dialekt. Men selv blant folk som bor på Åkra snakker ikke alle helt likt. Selv sier jeg ikke trappe eller boke men jeg sier tråppå bokå. Men kanskje det er bare meg

    SvarSlett
  4. Det er litt kult at me har så passa mange dialektar i Noreg at det av og til kan verta vanskeleg å forstå kvarandre! Men at det òg er forskjellar berre du tek deg ein køyretur på 15 min er litt fascinerande tykkjer eg. Det er jo berre dei som kjem derifrå som legg merke til forskjellane, berre sjå på østlandet. Me tenker med eingong at alle på østlandet snakkar likt, men eigentleg har dei heilt sikkert like store forskjellar så me har her på Karmøy :P

    SvarSlett
  5. Det er nok ikkje berre du Anders. Eg seier sjølv bokå osv, men kanskje det har noko med å seie med korleis ein blir påverka, med tanke på vener, familie osv. Eg har ein far som er fra Håvik, dermed snakkar eg litt mer "pent" enn kva ein Åkrabu eigentleg skal gjere.
    Sant det, Siv Helen. Me tenkjer at alle i Oslo f.eks snakkar likt bokmål, men det er tydelege forskjellar på aust og vest f.eks :-)

    SvarSlett